Snart november - slaktemånaden frå gammalt av. Nettavisene slaktar stadig noko eller nokon, men no er det vintermaten det dreiar seg om, med salting og tørking, og røyking, slik det var før.
Tor Gunnar Heggem retweeted
Det er når myggen lander på pungen din du forstår at vold ikke er en god løsning på konflikter
- Ukjent trønder (ca. 1788)
28. oktober - Fyribod eller To apostlars messe (Simon Seloten og Judas Taddeus). Dei er skytshelgenar for tømmerhoggarar, murarar, treskjærarar og for menneske i djup naud. Fyribod fordi ein frå no av kan vente frost og snø. No kunne nødstedte tigge såkorn. Dette til orientering.
No kjem restane av enda ein tropisk storm inn mot Norge. Kvifor kan ikkje desse stormane gjere seg ferdig der dei er?
Liberale krefter vil ikkje avskaffe stilling av klokka to gonger i året, men dei vil at folk sjølv skal få bestemme om dei vil stille ho fram eller tilbake.
Tor Gunnar Heggem retweeted
Øystein Stray Spetalen, han som er så rik at han ikkje har råd til å bu i Noreg, påsto nyleg at Noreg er øydelagt. I den samanhengen kom eg over eit glitrande svar til han.
Kvifor er det fleire og fleire som postar desse KI-genererte illustrasjonane som ser ut som dei er henta frå eit kristeleg familieblad frå femtitalet? Eg er sikkert ikkje representativ, men eg blir irritert av å sjå dei.
Ine Eriksen Søreide vil bygge stein på stein. Vil ho også snu alle desse steinane? Eventuelt før eller etter bygginga? Det må vi få vite.
21. oktober - jomfrudagen. Til minne om Sta. Ursula som reiste på pilegrimsferd til Roma saman med 11 000 jomfruer (truleg berre 11). Dei vart drepne av hunarar i Køln. Skytshelgen for ungdommen, lærerinner, tøyhandlarar, syke barn og for godt ekteskap. Dette til orientering.
Det er godt at vi er skrudd saman slik at vi kan uttale oss med stor overbevisning sjølv om ting vi har lite greie på, t. d. utanrikspolitikk. Elles ville det blitt stilt i spaltene.
Hørte på Dagsnytt om tannhelseforslaget i stadsbudsjettet, det vil seie, heile innslaget var intervju med ein høgrefyr som var sterkt imot heile greia. ARK, my ass.
Skal seie isen gjekk seint i Nidelva i år, om det da ikkje er nokon som har skrapt is frå bilrutene lenger oppi elva,







