Frode Grytten (@FrodeGrytten) profile picture

Forfattar.

Vassteigen. Verda
Joined December 2011
Photo by Frode Grytten (@FrodeGrytten)Photo by Frode Grytten (@FrodeGrytten)
Sjå og nyt. Heilt gratis. Area 51. Tingingsverket frå årets Kongsbergjazz. Morten Qvenild i førarsetet. Eg i passasjersetet. vimeo.com/240983577
1
5
28
Frode Grytten Beat Band spelar fletta av deg. Store Scene, DNS i Bergen 14. nov kl 2000. Pedro og Annlaug syng. Eg les. Få billettar igjen!
2
4
1
24
Menn som ingen treng. Ny novellesamling ute i dag. Menn som går ned. Menn som treng kvinner. Menn som treng menn. Menn som ingen treng.
10
32
2
121
Juliregn i desse gatene som ikkje lenger er mine. Juliregn i desse gatene som alltid vil vere mine. Juliregn i desse gatene som er våre.
9
74
168
Lytt til radio. Flunka ny novelle. Lese av Frank Kjosås. Skrive av meg. I morgon på NRK P2 klokka 13:30. Reprise onsdag i Kulturhuset, P2.
6
19
64
For dei som er interesserte. Eit utval av meldingane frå dette Twitter-prosjektet blir bok i haust. Tittel: Vente på fuglen. Forlag: Kagge.
16
28
133
Takk for meg. Takk for alle tilbakemeldingar. Takk for all respons. Det har vore ei glede å skrive på Twitter. Verkelig. Bestehels Frode.
84
32
119
Låse seg inn på rom 227. Stire ut på framand bygdeby. Søndagsstille gater. Pakke ut. Ringe heim. Komme i tvil. Bibelen? Eller minibaren?
5
21
64
Du har sett deg ned med djevelen. Du har fått din dødelige dose lykke. Du blei kalt Johnny av mor di. No kallar dei deg Johnny 99.
3
11
23
God morgon, seier ho. God morgon, seier han. Bør vi ikkje snakke? spør ho seinare. Joda, seier han. God natt, seier ho. God natt, seier han.
Korleis sola fell på den raude kjolen hennar. Fargen av kjærleik. Han har verkelig ingen idé om korleis han skal gjøre den fargen til sin.
2
30
72
Førstekandidaten (40) tabbar seg ut, går til First House, tabbar seg ut, går til First Price, tabbar seg ut, tryglar om ein siste sjanse.
1
13
15
To dagar etter at han har fått tatovert inn MARIANNE (med hjarte og pil) langs heile venstrearmen, møter mann (26) sitt livs store kjærleik.
4
54
2
106
Så langt er brudgomens tale nokre usamanhengande ord på ein lapp som er blitt borte. Mann (28) er fire døgn unna verdas raskaste skilsmisse.
3
21
Mann (52) har ikkje hatt kontakt med seg sjølv på ti eller tolv år. Seint søndag kveld hører han si eiga røyst på mobilen: - Hallo, du?
4
19
31
Utvikling for mann (40) er dessverre lite aldersadekvat: Sex som syttiåring, økonomi som tjueåring, dop som trettiåring, hjerne som fjortis.
10
31
Leiarskribent (52) vaknar til fuglesong, ser vakkert sollys falle inn i rommet. Så går han på jobb, skriv nok ein leiar om handlingsregelen.
12
20
Kollaps på rekordtid for kvinne og mann. Slik går refrenget her. Første veke: Hands-free. Andre veke: Hands-on. Tredje veke: Hands-off.
1
8
20
Kvar skal han legge avskjedsbrevet slik at ho finn det? Jo, på skjenken sjølvsagt. Der finn han eit anna brev. Hans namn. Hennar handskrift.
4
47
2
102